Aktuelt

Å leve i notid, ikkje fortid.

Mitt namn er Elisabeth Kolltveit, eg er 26 år gamal og eg har kjent Silje så og sei heila livet. Ein får eit ganske unikt vennskap når ein veks opp ilag, og eg vil påstå at me kjenner kvarandre ganske godt etter kvart. Silje og eg er like på mange måtar. Me har begge to meistrande personleghetar, noko som gjer at nederlag fort kan bli vanskeleg å takle. Me er heller ikkje særleg flinke til å dele korleis me faktisk har det med dei rundt oss, derfor synes eg at det er svært imponerande at Silje no deler so private ting her på «the vibe».

Dei som kjenner meg vil nok sei eg er ein svært positiv person med mykje energi, som er glad i sosialisering, men og lika glad i å vera aleine. Eg har og, som Silje, alltid følt meg litt annleis, men eg har heller ikkje ei fortid som er lik mange andre. November 2018 møtte eg veggen på ein sånn måte, at det kjentes ut som om heile livet mitt skulle gå under. Eg er no inne i min femte månad som sjukemeldt og har fått diagnosen PTSD (posttraumatisk stress syndrom), psykisk ubalanse og ein mild depresjon. Det er ulike grunnar til kvifor eg har fått akkurat desse diagnosane. Då eg var 19 år, vart eg utsett for ein overfallsvaldtekt, og detta har forma mykje av personlegheta mi dei siste sju åra. I tillegg til dette har eg nyleg vå gjennom eit vondt samlivsbrot, noko som har vore svært vanskeleg, då me har ei 3 år gamal jente saman.

Min automatiske reaksjon på å oppleve vanskelege ting er å begrave følelsane mine, late som om ingenting har skjedd, og leve mest mogleg «normalt». Dette trur eg er ein vanleg reaksjon på både vanskeleg kvardagsting og traume, då det er eit slags overlevelsesinnstinkt. Eg har alltid brukt jogging som ein form for terapi, og har trudd sjølv at dette var noko som fungerte. Dette trudde eg heilt fram til terapeuten min på SMISO (støtte mot incest og seksuelle overgrep) fortalte meg at dette er ein måte å undertrykkje følelsar sine på, og ikkje ein måte å bearbeide dei på. Det var eit slag i ansiktet for min del, då eg har trudd at dette var min måte å håndtere alle kjenslene mine på. Eg har aldri vert særleg flink på å handtere motgang, og når du opplev motgang på det nivået eg gjorde for 7 år sida så trur eg at det «klikkar» litt for både psyken og kroppen. Det kjennes umenneskeleg å skulle takle noko sånt, og det er det kanskje og. Den eine tingen eg bestemte meg for like etter valdtekta, var at dette ikkje skulle få øydelegge livet mitt.

Det at eg møtte veggen akkurat november 2018, var ein reaksjon på veldig mykje indre stress over lang tid. Ser eg tilbake no så hadde eg nok holdt dette stressnivået sidan våren 2017, og utan at eg var klar over det, kanskje heilt sidan mars 2012. Eg flytta for meg sjølv sommaren 2018, noko som førte til mange einsame kveldar og mykje tenking. Eg har alltid meint at me er styrt av tankane og psyken vår, og at alt som skjer med oss «sitt i hovudet». Då eg møtte veggen i fjor haust var det ikkje i psyken eg kjente det, men derimot var det fordi kroppen min sa fullstendig stopp. Eg har omtrent alle symptom innanfor kronisk utmattelsessyndrom (ME), sjølv om dette ikkje er ein diagnose eg har. «ME» kjem av ein betennelse i kroppen, medan min kropp sa stopp fordi eg har pressa meg for hardt psykisk over alt for mange år. Eg har lært at ein skal ha respekt for egen kropp, og ser i etterkant at det er noko eg ikkje har hatt.

Å møte veggen er kanskje ei av dei tøffaste utfordingane eit menneske med meistrande personlighet kan stå overfor. Metodikken med å undertrykkje følelsar fungera ikkje lengre, og ein vert tvungen til å jobbe med seg sjølv på eit nivå som er uuthaldeleg. Eg har brukt dei siste fem månadane på å jobbe med mi eiga psyke, og eg kan med handa på hjarta sei at det er det vanskelegaste eg har gjort i løpet av mine snart 27 år. Desse månadene har vert fylt av x-antall panikkanfall, noko som i seg sjølv er ganske grusomt. Ting blir so overveldande og vanskeleg, at ein trur faktisk at kroppen kjem til å kollapse og ein får følelsen av eit skal døy. Panikkanfall er mykje meir vanleg enn me trur, og det er jo egentlig heilt ufarleg. Det er kroppen sin måte å gje beskjed om at no er det for mykje på ein gong, og at ein må roe ned. Eg trur nok at mange vil oppleve dette på eit eller ana tidspunkt i livet, og eg skulle ynskja at nokon hadde forklart meg korleis det fungerte før eg fekk mitt fyrste anfall.

Terapauten min brukte dei fire fyrste månadene av behandlinga mi brukte terapeuten min på å bryte meg ned. Familien min sa fleire gongar at dei ikkje skjønte kvifor dette var nødvendig. Eg skjønte heller ikkje sjølv kvifor det var nødvendig på det tidspunktet, men no byrja eg endeleg å forstå hensikta. Ein set igjen med så mange kjensler når ein opplev traume, og når ein aldri bebreidar dei vil ein ikkje få det bra igjen heller. Eg set so ofte med kjensla av at ingen rundt meg forstår. Ingen forstår korleis det er å føle seg fullstendig øydelagt på innsida. Ein føler skam, hat, frustrasjon, sinne, raseri, panikk og kaos på ein gong. Eg veit at ein del av meg vil vera totalforandra resten av livet, då den grunnleggjande tryggheita om at kroppen min er min eigedom, er vekke. Tidlegare har eg skjøve denne kjensla så langt vekka at om nokon nemnte valdtekta for meg so klarte eg ikkje å handtere det. No forstår eg endeleg at eg må klare å finne ein måte å leve med den kjensla. Nokon dagar går det greit, medan andre dagar er fylt av sorg og frustrasjon.

Dei siste månadene har eg isolert meg frå mange mennesker, og dagane har bestått av veldig mange timar på sofaen. Å jogge har eg måtta lagt fullstendig på hylla, då eg enkelte dagar har meir e nok med å klare å hente dotter mi i barnehagen. Allikevel kjenner eg endeleg at det er bedring. Eg har lenge hatt eit forvrengt syn på eigen kropp og personlegheit, og no kjenner eg at det byrjar å snu. Eg har delvis akseptert at det er ei god stund til eg kan byrje å jobbe igjen, og at eg faktisk må ta hensyn til meg sjølv. Eg forstå kor viktig det er å jobbe med kroppen framfor psyken, fordi det er faktisk slik ein når inn til psyken. Mine tankar går omtrent alltid i surr, eg tenkjer på 100 ting på ein gong, men klarar ikkje spesifisere ein einaste tanke. Det som fungerer for min del når det er alt for mange tankar, er meditasjon. Kor utruleg viktig pust er, og at stress set frå mellomgolvet og ner til bekkenet. Terapeuten min sa følgjande til meg, som gjorde meg veldig betenkt; «Men Elisabeth, du lev jo i fortid heila tida, du går jo glipp av heila livet ditt om du ikkje klarar å leve i notid». 

Eg trur at mange vil møta veggen i løpet av livet, i forskjellig grad og av ulike grunnar – men ein møter alltid ein eller anna form for motgang. Mitt råd til alle som opplev motgang er å setja seg ned, leggje vekk all form for teknologi, og kjenne etter korleis ein faktisk har det. Føl framfor å tenkje. Eg veit at det er vanskeleg, men ein styrker psyken på ein enorm måte ved å være i kroppen framfor håve. Eg har brukt mange år på å forstå det, og mange dagar er endo so vonde at eg ikkje klarar det. Når ein klarer det, kjenner ein på ei enorm meistring, og ein finn ein ro – som i mitt tilfelle ikkje har eksistert før no. Lika viktig er det å snakka med kvarandre om korleis ein faktisk har det. Me må alle vera so sterke at me kan vera ærlige med både oss sjølve og dei rundt oss.

Elisabeth Kolltveit

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *